
Gratis Konsert GETE
lør. 17. aug.
|Kvadraturen
Gete er eit visepop-band som skildrar små og store tankar frå livet som ung vaksen i den store verda. Tekstane på sjarmerande mandalsdialekt rommar både gode og vonde dagar, og det musikalske universet bandet skaper, er prega av pop, blues, rock og folk, og kler kvar låt i si rette drakt og stemning


Time & Location
17. aug. 2024, 19:00 – 23:00
Kvadraturen, Dronningens gate 52, 4608 Kristiansand, Norge
Guests
About the event
Gete er eit visepop-band som skildrar små og store tankar frå livet som ung vaksen i den store verda. Tekstane på sjarmerande mandalsdialekt rommar både gode og vonde dagar, og det musikalske universet bandet skaper, er prega av pop, blues, rock og folk, og kler kvar låt i si rette drakt og stemning. Hausten 2020 gav dei ut fem singlar, og fekk terningkast 5 av NRK Sørlandet. Lang versjon: Visepop-bandet Gete kombinerer det nære og ærlege frå visetradisjonen med eit moderne lydbilde prega av pop, blues, rock og norske folketonar. Med inspirasjon frå artistar som Erlend Ropstad, Gåte og Kaizers Orchestra riv Gete deg med gjennom eit spekter av musikalske stemningar, og tilfører den sørlandske musikkscenen nytt krutt. Store og små tankar og erfaringar frå livet som ung vaksen i den store verda kjem til liv gjennom tekstar på mandalsdialekt, og låtskrivar og vokalist Margrete Wilhelmsen lar deg komme heilt tett på –…